Meisterkonsert i Vågå

Det blir ikkje Landsfestival i gammaldansmusikk i år, men Meisterkonsert blir det!

Arrangør: Vågå trekkspelklubb kan lova ein framifrå Meisterkonsert i Ullinsvin den 8. august.  Foto: Privat

Nyheiter

Trekkspelklubben i Vågå er neste års arrangørar av Landsfestivalen. Den 8. august i år vil dei markere at det er nøyaktig eitt år til festivalen nok ein gong kjem til bygda.

– Det blir utandørskonsert i Ullinsvin med plass til 200 publikummarar. I tillegg skal konserten strøymast, så om ein ikkje har anledning til å koma til Ullinsvin, kan ein få med seg konserten på nett, heime i sofaen. Det er Even Lusæter og Terje Hong som står for produksjonen, og vi kan lova tidenes strøymekonsert! melder Vågå trekkspelklubb.

Om lag 140 aktørar står klare denne ettermiddagen, på ulike scener rundt om på tunet. Desse er fordelt på 13 lag og grupper, ein duo og fire solistar.

– Vi har plukka lokale meistrar. Blant desse kan vi til dømes nemne Lendmenn, Even Offerdal Bakken, Spelmannslaga i Lom og Vågå, Lom Toradergruppe, og Jutullaget.

Innimellom musikknumra blir det òg førehandsinnspelte innslag som syner fram Vågåbygda.

Mari Midtli og Hans Andreas Solbakken skal vera programleiarar.

Servering av mat og drikke blir det òg, både før, under og etter konserten.

Sidan det i år ikkje vart Landsfestival på Fron, blir det ei offisiell overrekking av bodstikka, som vandrar frå arrangør til arrangør av festivalen.