Eit strålande landskap

Ein modell med lauv- og bartre, is, snø, innsjø, hus og asfalt blir snart teken i bruk ved Norsk Fjellsenter i Lom. Besøkjande kan då lære korleis solstrålane blir reflekterte frå landskapet.

Imre og Dag Inge: Treskjerarlærling Imre Aalbu (til venstre) gjorde den siste finpussen. Her saman med Dag Inge Bakke frå Norsk Fjellsenter. Modellen vil få ulike fargar og det fylgjer også med mange tre og bygningar slik at besøkjande kan endre landskapet.  Foto: Ove Kirkestuen

Nyheiter

Ved hjelp av ei kunstig sol og eit kamera kan ein måle infraraud stråling og temperaturar i ulike delar av terrenget. Dag Inge Bakke ved fjellsenteret fortel at dette blir ein del av minisenteret Fjellviten der ein lærer både om geologi og klima.