– Nå kan eg fiske gratis til eg blir 109 år!

Ni år gamle Paul Vange frå Skjåk fann 100-årsgåva i Finndalen.

Glad finnar: Ni år gamle Paul Vange frå Skjåk fann 100-årsgåva i Finndalen.   Foto: Haldis Vange

Nyheiter

Fjellstyra er 100 år. I det høvet er det lagt ut 100 bursdagsgåver rundt om i fjellheimen – i heile landet. Blant fjellstyra som er med på 100-årsmarkeringa, er Lom fjellstyre, Vågå fjellstyre og Finndalen fjellstyre.

Nyleg fann ni år gamle Paul Vange frå Skjåk 100-årsgåva som var gøymt i Finndalen.

– Det betyr at eg kan fiske gratis til eg blir 109 år! ler Paul, som fortel at han måtte leite ganske lenge før han fann skatten.

– Skrinet var godt gøymt, delvis under ein stor stein. Heile familien var med på leitinga. Det tok ganske lang tid før eg fann skatten, og da vart eg svært glad, oppsummerer den glade vinnaren.

Paul Vange likar seg godt i skog og mark, og ikkje minst likar han seg svært godt på fisketurar.

– Eg har eit hemmeleg fiskevatn i Finndalen, slår han fast.

– Kvar ligg det da?

Ni år gamle Paul svarar ikkje.

Er det hemmeleg, så er det hemmeleg!