Prøvar å slå gps-en

To av fem unge under 30 år innrømmar å ha kappkøyrt mot gps-en. For å slå den må du som regel bryte fartsgrensa.

  Foto: Illustrasjonsfoto

Nyheiter

Dei fleste har lagt årets sommarferie til Noreg. Det betyr fleire bilar på norske vegar, og truleg også meir bruk av GPS for å finne fram til ukjende destinasjonar. Navigasjonssystemet er eit nyttig verktøy, men det kan også vera trafikkfarleg - særleg om du let den trigge konkurranseinstinktet ditt.

I ei fersk undersøking gjennomført av Ipsos for forsikringsselskapet Gjensidige, kjem det fram at 16 prosent av norske bilførarar ein eller fleire gonger har kappkøyrt mot gps-en. Oslo og Vestfold skil seg ut geografisk, med høvesvis 21 prosent og 20 prosent.

Det er dobbelt så mange menn som kvinner som let seg utfordre av tidsestimatet som dukkar opp på skjermen.

Verst er det blant dei unge; heile 40 prosent innrømmer at dei har forsøkt å slå gps-en på tid. Det uroar Marie Brudevold, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

– Eg kan forstå at mange ynsker å koma fortast mogleg fram, og at det er fristande å vise gps-en at du er raskare enn den trur, men det må ikkje gå på bekostning av trafikktryggleiken, seier ho.

Når fokuset er på det digitale kartet framfor vegen foran deg, kan det fort bli trafikkfarleg.

–I tillegg må du ofte bryte fartsgrensane for å kunne «vinne» over gps-en. Høg fart og ufokusert køyring er ein frykteleg dårleg kombinasjon, seier Brudevold.

Ho oppfordrar sommartrafikantane til å halde fokus på vegen, og ta seg god tid - sjølv om det betyr at du «tapar» mot gps-en.

– Det viktigaste er ikkje å vinne, men å koma trygt og heilskinnet fram, fastslår ho.

(Pressemelding)