Stolpejakta i gang i Vågå

– Bli sprek med å finne stolpar, dette er eit lågterskeltilbod til folk i alle aldrar.

Det er Rune Borgen Isaksen som har stått i bresjen for stolpejakta i Vågå.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Det er mottoet til idrettslaga på Lalm og i Vågå, som arrangerer dette trimopplegget.

Stolpejakt går ut på å finne stolpar som er sentralt plassert i og rundt Lalm og Vågåmo. Stolpebesøket kan registrerast på papir, nettside eller ein app. Folk i alle aldrar og med ulik funksjonsevne skal kunne aktiviserast.

På heimesida stolpejaktenvaga.no finn ein meir informasjon.

Jakta i Vågå er i gang frå onsdag.