Er det meir biltrafikk enn i fjor? Sjekk tala her

Tykkjer du det er mykje bilar etter vegen, eller er det slik det plar vera om sommaren?

Det var meir biltrafikk gjennom Lom måndg denne veka og heile førre veke, samanlikna med i fjor - kanskje meir enn nokon gong?  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Statens vegvesen har tal for passeringar mange stader i landet. Mellom dei, er det eit punkt på riksveg 15 vest for Lom. Denne statistikken syner at dei som tykkjer det er meir trafikk i år enn i fjor, ja kanskje ennå lenger attende – dei har rett.

Veke 29

Nå kan ein ikkje samanlikne lenger attende enn til 2017, men sidan da har det ikkje vore så mykje trafikk vest for Lom i veke 29 som i år.

Samanlikna med fjoråret passerte det førre veke, altså veke 29, 3.366 fleire bilar enn same veke året før.

Denne veka starta òg med mykje trafikk.

Om ein samanliknar tidsrommet mellom klokka 8 og 20 måndag i veke 30 2019 med måndag i veke 30 i år, passerte det 700 fleire bilar i år i det aktuelle tidsrommet. I 2019 passerte 4.050 bilar punktet, tilsvarande dag i år, var talet 4.750.

Ein kan slå fast at trafikken veke 29 og måndag i veke 30 i sommar, er større enn nokon gong.