Ein app fortel kva planta eller dyret heiter

Artsdatabanken utviklar nå Artsorakelet, som er spesialisert på norske artar ved hjelp av 1,1 millionar bilde samla inn av brukarane av Artsobservasjoner.

Den nye appen frå Artsdatabanken kjenner att kva dyre- eller planteart du har kome over.  Foto: Wouter Koch, CC BY 4.0

Nyheiter

I sommar inviterer Artsdatabanken det norske folk til å delta i utprøvinga av appen på mobil eller PC. Du finn Artsorakelet på orakel.artsdatabanken.no, og det er enkelt å bruke. Du tek eit bilde eller finn fram eit du allereie har teke, og spør orakelet kva dette er. I løpet av nokre sekund får du svaret. Samstundes får du veta kor sikker Artsorakelet er på svaret.