Jorunn og Knut har drive camping i 45 år utan sommarferie

– Det er ein livsstil, seier Jorunn Skogstad og Knut Bergsvendstuen. Dei har drive Holungsøyom camping i 45 år.

Knut Bergsvendstuen og Jorunn Skogstad har drive Holungsøyom camping i 45 år. Mykje har endra seg sidan faren til Knut byrja med camping på slutten av 1950-talet. Da låg folk i telt mellom hesjene. Teltturisten er på veg attende, og ligg i dag mellom bubilar og campingvogner. Campingplassen har 15 hytter til leige.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Frå gamalt av var plassen Bergsvendstuen i Holungsøyom, midt mellom Vågåmo og Lalm, ferdamannskvile.