Villcampingturistar overraska av veksande elv i Lom

Laurdag morgon vakna eit ukjent antal villcamparar og fann ut at det var blautt rundt dei.

Fleire turistar vakna til at det var blautt rundt både telt, vogn og bil.  Foto: Tipsarfoto

Nyheiter

Ein tipsar sende oss bilde av både campinvogn og telt som hadde etablert seg ved elvekanten i Øyom i Lom.

Både Bøvre og Otta møtest ved sandbankane og i løpet av natta har vatnet stege.

Korleis det gjekk eller går med dei camperande, veit vi førebels ingenting om.