Nå opnar framdørene på bussane

Men billett får du ikkje ordna hjå sjåføren ennå.

Merking skal følgjast og avstand haldast.  Foto: Innlandstrafikk

Nyheiter

Trønderbilane, som køyrer bussrutene i Nord-Gudbrandsdalen, opnar framdørene på bussane frå måndag 20. juli. Det blir ikkje opna for andre billettyper enn dei som er i dag. Det vil seia Mobillett - enkeltbillett og periodebillett - registrerast på lesar i bussen eller innlandskort som blir starta i nettbutikk eller på salskontor.

Passasjerane må halde billetten klar ved ombordstigning og gå raskt forbi sjåføren. Når ein går av bussen, skal ein bruke bakdøra.