Mia på topp i både klatring og forsking

Mia Kvåle Løvmo frå Lom blir i magasinet Klatring skildra som Noregs ukjende superklatrar. I tillegg sit ho sentralt i spennande forsking innan fysikk og medisin.

8b i caramello: – Dette var mi andre rute på denne graden. For eit år sidan gjekk eg min fyrste her i Tyrol. I mellomtida har eg gått mange 8a og 8a+ (9- og 9-/9 med norske grader). Det var kult å stadfeste graden i år, særleg etter Corona-lockdown her og trening inne. Nyleg gjekk eg min tredje 8b ved Berglsteiner See. Alle gode ting er tre, men det blir nok fleir, seier Mia.   Foto: Dominik Lobgesang

Nyheiter

Saman med mannen, Philip Lauffenburger, bur ho i Innsbruck der ho både arbeider og klatrar.