13.073 har fått tilbod om skuleplass

Det fyrste ordinære inntaket til vidaregåande opplæring i Innlandet er nå ferdig.

Fyrsteinntaket til vidaregåande opplæring i Innlandet er nå klart.   Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

Berre 19 elevar frå ungdomsskulen står førebels utan tilbod, men i fylgje Innlandet fylkeskommune vil alle med ungdomsrett få plass før skulestart.

I Innlandet fylkeskommune si oversikt kjem det fram at Nord-Gudbrandsdal vidaregåande si avdeling i Lom hadde 106 søkjarar, avdeling Otta 361 søkjarar, og avdeling Dombås 46 søkjarar.

Søkjarane som har fått tilbod om skuleplass har frist på seg til 17. juli med å ta imot plassen eller ikkje. Manglande svar blir automatisk registrert som eit nei. Andreinntaket er klart 7. august.