100-årsgåvene er ute

Gratis fiske i 100 år er premien til den som finn treboksen med helsinga frå fjellstyra.

Kjell Gaukstad frå Finndalen statsalmenning, Erik Myrum frå Vågå og Åsmund Galde frå Lom har plassert gåveboksane i fjellet denne veka.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Denne veka blir det lagt ut gåveesker frå Norges Fjellstyresamband. Innehaldet i boksane er eit gåvekort som fortel at finnaren kan fiske gratis i 100 år i den statsalmenninga boksen er funnen.