Vaksen dame med vaksen investering: Åse måtte kjøpe ny bru

78 år gamle Åse Fremmegaard bur i Øygardsvegen ovanfor Vågåmo. For å koma til heimen må ho over Nugga, problemet var at brua hennar heldt på å rotne.

Åse Fremmegaard fekk blomar av Terje Hageløkken og Ola Plassen da brua vart «opna» tysdag.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

– Det var ikkje anna å gjera enn å gjera ei skikkeleg investering det, seier Åse som nå er eigar av ei bru til rundt ein kvart million kroner.