Sentralt plassert toalett og kiosk opna i Lom

Denne veka opna det nye offentlege toalettet i Lom.

Torstein Henrik og Anna Steinbakke driv både toalettanlegg og kiosk på Bergom i sommar.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Ljost og flott er det, det nye offentlege toalettanlegget i Nilsbu´n. Meir sentralt på Bergom kan det ikkje ligge.

– Det er bra med folk her, men det blir nok enda fleire neste år, trur Torstein Henrik og Anna Steinbakke som har ansvar for orden og reinhald av anlegget.

– Vi må sjå etter at alt er i orden og på stell ein gong i timen, seier Anna.

Om nokre dagar vil dei sleppe å ta inn betaling i kiosken for besøkande, da betlingsløysinga vil bli automatisert.

Attåt toalettanlegget driv dei også ein splitter ny, god gamaldags kiosk ved inngangen. Her kan folk få påfyll av forfriskningar etter dobesøket.

Anna og Torstein fortel at dei trivst med dei mange turistane som er i Lom om dagen.