På ein god julidag kan «sommarbutikken» i Skjåk ha seks gongar så god omsetning som på ein vinterdag

Mange er innom Coop Marked Bruvoll i Skjåk om dagen. Butikkstyraren håpar trafikken held fram gjennom sommaren.

Bra sommartrafikk: Det har vore utruleg bra trafikk på Coop Marked Bruvoll dei siste vekene, særleg i helgene. Daglegvarebutikken i Skjåk har sundagsope om sommaren. Med så mykje trafikk, er det greitt å ha sommarhjelp. Frå venstre: Vemund Lund Sperstad, Bjørg Jøingsli, Silje Heggebotten, styrar Siv Anne Plassen og Sina Plassen.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Til vanleg er dei tre tilsette på Coop Marked Bruvoll, men om sommaren er dei heile ni personar på løningslista. Daglegvarebutikken som ligg like ved den populære campingplassen Dønfoss i Skjåk, er ein typisk «sommarbutikk», der store delar av årsomsetninga blir til i løpet av månadane juni, juli og august.