Skjåk, Lom og Vågå har ikkje berre familieaktivitetar du må betale for:

Mykje å oppleva heilt gratis

Dei tre kommunane i Ottadalen har mykje å by på av aktivitetar for barnefamiliar i sommar, mange av dei til og med heilt gratis.

Prøv diskgolf: Både Lom og Skjåk har diskgolfbane. Desse er heilt gratis å nytte seg av. Dette bildet er teke på den nye bana på Moar i Skjåk. hans erik kjosbakken 

I heile Ottadalen er det mange stader ein kan bade, som her i Bångråttjønn i Nordberg i Skjåk.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Anten du er turist eller lokal, her gjev vi deg ei oversikt over gratisaktivitetar i Vågå, Lom og Skjåk. Forslaga har vi fått frå kommunane, og er berre eit utval. I tillegg til desse gratisaktivitetane, finst det ei rekkje betalingsaktivitetar i Ottadalen.

VÅGÅ:

• Dompe aktivitetspark: Ballbane og leikeutstyr.

• Utstyrsbanken på Vågå bibliotek: Utlån av fritidsutstyr som kanoar, telt og soveposar.

• Hulderstigen i Sjodalen: Kultur- og naturstig på om lag 5 km i fin fjellskog, lett terreng som passerer elver og tjern.

• Munch-vandring: Gå i fotspora til Edvard Munch og farsslekta hans i Vågå. Total lengde 1,3 km. Ruta er godt merka, og byrjar i Vågå sentrum.

• Moajordet Aktivitetspark i Vågå sentrum: Her er det ulike leikeapparat, sandvolleyballbane og skate- og sykkelpark.

Vågåmo skule: Fint område med ulike apparat og ballbinge.

• Kalven Seter ved Lemonsjøen: Energikampaktivitetar for barn og unge.

• Kvennberget på Lalm: Merka stig i fint skogsterreng.

• Ulike merka ruter ut frå Vågå sentrum: Vanglandsrunda, Hølenrunda og andre.

• Sykling: Fleire merka ruter.

• Prestegardshagen i Ullinsvin: Restaurert historisk hage.

• Fisking: Gratis fisking i Vågå for dei under 16 år.

• Jutulheimen Bygdamuseum: Ulike utstillingar. Gratis for barn under 16 år.

• Rulleski- og idrettsbane på Lalm.

• Bading i ulike fjellvatn/elvar i Finndalen, Jønndalen, Flatningen, Vågåvatnet med fleire.

• Vågå bibliotek: Stort utval av barne- og ungdomslitteratur

LOM:

• Fossheim Steinsenter: Utstilling, vandring gjennom sentrum med meir.

• Diskgolf i Bøverdalen: Bruk av bana er gratis for alle.

• Folkebiblioteket i sentrum: Her er det mykje god barne- og ungdomslitteratur, samt lesekampanjen «Sommarles», der barna kan hente seg premiar.

• Trampoline og slakkline i Lom aktivitetspark i sentrum.

• Grilling i grillhytta på Skim, gjerne kombinert med fisking.

• Ein køyretur over den nasjonale turistvegen Sognefjellet, gjerne kombinert med ein sykkeltur innover Høydalen.

• Bading ved Liabrua eller Tesse.

• Besøk til Norsk Fjellsenter (butikken og inngangspartiet er gratis, utstillinga er gratis for barn under 3 år).

• «Selfie-tur» til Kvilarsteinen og Lomseggen for ungar som er i god form, og ikkje har særleg høgdeskrekk.

• Tur til bygdemuseet Presthaugen for å sjå på friluftsbygningane, leike ved dammen, og gå Rådyrtrakket eller Bordvassvegen. Her er det også gratis fotoutstilling med Lom Knipsarlag.

• Fugletårn ved Tesseosen.

SKJÅK:

• Bading: Det er flotte badekulpar og fjellvatn overalt, mellom anna Bångråttjønn.

• Turstigar etter merka turkart, og ulike naturstigar.

• Fjellgeita: Turorientering for barnefamiliar. 10 turar.

• Idrettsbana i Bismo: Friidrettsbane og fotballbane.

• Sommarope folkebibliotek.

• Sykling: Ein kan utføre mange flotte sykkelturar på dei mange vegane i bygda.

• Skateparken i Bismo.

• Ny diskgolfbane på Moar.

• Galleri Mathilde i Bismo: Utstilling av kunstnarar som har tilknyting til Skjåk.

• Fisking: Det er gratis å fiske i 200 fiskevatn for barn i Skjåk.

• Sandvolleyballbane ved Dønfoss.

• Geocaching: Orientering med GPS. Det er mange cachar i Skjåk.

• Naturstig: Uppnose Elgfangstanlegg ved Dønfoss.