Fotballproff med Instagram-stunt i Lom

Jonas Svensson, som spelar i nederlandsk eresdivisie, har vore på besøk i Lom.

  Foto: Skjermdump Jonas Svensson/Instagram

Nyheiter

Instagram-kontoen hans kan vi sjå han driv styrketrening på den spektakulære kvilarsteinen på Eggjapiken.

Også klubben hans, AZ Alkmaar, har fått med seg stuntet, og delt det på deira Twitter-konto.

Svensson har over 26.000 fylgjarar så dette kan vera god lomsreklame både i Noreg og Nederland.

Det skal leggjast til at det Svensson driv med ikkje er så farleg som det ser ut til, men spektakulært er det.