Sognefjellet stengt

Vi skriv 6. juli og vegen over Sognefjellet er nattestengt på grunn av fare for snø og dårlege køyreforhold.

Fylkesveg 55 er stengt natt til tysdag.  Foto: Webkamera Statens vegvesen.

Nyheiter

Meteorologane melder om snø, vind og blå grader. Derfor har Statens vegvesen bestemt å stenge vegen natt til tysdag, førebels fram til tysdag klokka 12.

Vi får tru vinteren berre gjer ein snarvisitt.

Også Gamle Strynefjellsveg er nattestengt.