Nå får du post berre annankvar dag

Denne veka startar Posten å levere post i postkassa berre annankvar dag.

Endringar i postomdelinga: Frå denne veka får du levert brevpost i postkassa di berre annankvar dag. Digitalisering og fallande brevvolum er årsaka til at Posten Norge ikkje lenger skal levere post fem dagar i veka.  Foto: Tom Erik Solstad/Illustrasjon

Nyheiter

Frå toppåret 1999 og fram til i dag har talet på brev som blir sendt vorte redusert med 70 prosent. I snitt blir det levert berre tre brev i kvar postkasse per veke.

Det er difor, i fylgje Posten, ikkje berekraftig eller økonomisk forsvarleg å oppretthalde fem dagars postlevering her i landet.

Som eit resultat av dette, er det frå 7. juli slutt på utlevering av brevpost i postkassene kvar dag. I staden skal Posten nå levere post annankvar dag i ein tovekerssyklus; måndag, onsdag og fredag den eine veka, og tysdag og torsdag den andre veka.

Har du postboks vil du få levert brevpost alle verkedagar, som før.

Avisombering skal i fylgje Posten framleis føregå seks dagar i veka, førebels fram til 2022.