Idrettslagsleiaren har fått ny jobb

Etter nærare fire år som dagleg leiar, takkar Anders Lien snart for seg i Vågå IL.

Ferdig i idrettslaget: Dagleg leiar i Vågå IL, Anders Lien, har fått seg ny jobb i ein annan kommune.   Foto: Arve Danielsen/Arkiv

Nyheiter

Idrettslagsleiar Anders Lien frå Sel har fått tilbod om og takka ja til stillinga som rådgjevar innan idrett i Gjøvik kommune. Lien var blant i alt 29 søkjarar til stillinga, der fleire av søkjarane var lokale idrettsprofilar.