Hærverk i Skjåk

I løpet av helga har einkvan hatt for lite å gjera.

Døra inn til pumpehuset vart i løpet av sist helg øydelagt.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Døra til eit pumpehus ved Skamsarbrue vest for Bismo, har i løpet av helga vorte øydelagt. Den eller dei som har gjort det har ikkje gjort vidare forsøk på å ta seg inn i pumpehuset.

Eigaren av pumpehuset tykkjer naturleg nok ikkje om slik åtferd, og har varsla politiet.

Politibetjent Roger Haugen ber den som måtte ha opplysningar i saka om å ta kontakt med politiet.