Stor skyttarhelg: Det norske riflelandslaget er med

Jotunheimtreffen er i full gang. Ikkje mindre enn sju skyttarkongar og ei skyttardronning deltek på den store skyttarsamlinga.

Landslaget: Saman med over 200 andre skyttarar deltek det norske riflelandslaget i Jotunheimtreffen i helga. Fredag kveld skaut dei i Skjåk.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det er skyttarlaga Vågå, Lom og Skjåk, Dovre og Dovreskog og Lesja som arrangerer den populære Jotunheimtreffen, som består av fire vanlege opne stemner med samanlagtpremiering.