Opna turistinformasjon i Bergom sitt eldste bygg

– Med ein så synleg og sentral turistinformasjon, skal vi greie å ta godt vare på turistane våre.

Nøgde med plasseringa: Tysdag kveld var det offisiell opning av den nye turistinformasjonen i Lom, inne på Nilsbue. Her skal også Visit Jotunheimen ha kontor og base. Dagleg leiar Mari Arnøygard Wedum, styreleiar Øyvind Rusten og fjellseljar Marit Tangvik er nøgde med den sentrale plasseringa.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det sa styreleiar Øyvind Rusten i Visit Jotunheimen tysdag kveld, da den nye turistinformasjonen i Lom sentrum vart opna. Visit Jotunheimen er nå klare for storinnrykk og ny knallsommar i Lom og Jotunheimen.