«Koronatilskot» sikrar reparasjon av bru og nye gateljos

«Koronapengar» frå Regjeringa gjer at Vågå kommune kan reparere Lefinna bru på Slådalen og skifte ut gamle gateljos.

Skadar: Lefinna bru på Slådalen fekk sist vinter store skadar, der fundamentet har fått store sprekkar som må utbetrast. Skadane gjer at køyrebana er innsnevra.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Regjeringa ynskjer å få fart på norsk økonomi etter koronakrisa og har løyvd 2,5 milliardar kroner som skal gå til vedlikehald og rehabilitering av bygg og anlegg i kommunane.