Vertskapet på Dønfoss Camping ser svært positivt på sommaren

Trass koronapandemien ser ikkje drivarane på Dønfoss Camping i Skjåk myrkt på sommarsesongen i det heile teke.

Har stor tru på sommaren: Charlotta Ericsson og Frode Aaboen driv populære Dønfoss Camping i Skjåk. Dei ser positivt på sommaren, og er så godt som fullbooka i juli.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Dønfoss Camping vart opna i 1990 av Odny og Oddbjørn Aaboen. Nå er det sonen Frode og sambuar Charlotta Ericsson som driv den 70 mål store campingplassen vest i Skjåk. Campingplassen består av 14 hytter, 5 leilegheiter og 160 faste vognplassar. I tillegg har campingplassen kapasitet til å ta imot 40-50 campingvognar på gjennomreise. Det er også ein del teltplassar på Dønfoss Camping.