Samarbeider om «Aktiv sommarferie»

Det blir «Aktiv sommarferie» i Vågå i år, men med ein litt annan vri grunna smittevernomsyn.

Anders Lien i Vågå IL og Mona Sveen i Vågå kommune ladar opp til Aktiv sommarferie i august.   Foto: Pressefoto

Nyheiter

I år er det Vågå IL i samarbeid med Vågå kommune som arrangerer «Aktiv sommarferie», i veke 33. Med støtte frå både Gjensidigestiftelsen og Sparebank 1 Lom og Skjåk, lovar dagleg leiar i Vågå IL, Anders Lien, og folkehelsekoordinator i Vågå kommune, Mona Sveen, eit rikhaldig og spennande aktivitetsprogram.

«Aktiv sommarferie» er eit tilbod for alle gutar og jenter fødd i perioden 2007-2013. Tilbodet er gratis, og er fyrst og fremst for barn heimehøyrande i Vågå. Barn frå andre kommunar kan melde seg på om det er ledige plassar etter at påmeldingsfristen har gått ut, som er sundag 2. august.

Grunna smittevernomsyn blir det ein litt annan vri på «Aktiv sommarferie» i år. Veka er delt i to. Måndag 10. august og fram til og med onsdag 12. august er det dei som er fødde i perioden 2010-2013 som deltek, maksimalt 36 plassar. Desse dagane blir det aktivitetsløype, orientering, leik i sentrum, og ein tur til Rondeheim - den norske fjellskulen på Høvringen.

Torsdag 13. og fredag 14. august er det dei som er fødde i 2007-2009 sin tur til å ha «Aktiv sommarferie». Også her er det 36 plassar. Denne gruppa skal også på utflukt til Rondeheim, i tillegg til ein tur til Brimiskogen klatrepark.

Arrangørane Vågå IL og Vågå kommune opplyser at påmelding til «Aktiv sommarferie» skjer via nettet, og at alle deltakarar må ha med seg niste, drikke og passande klede.