Bildeglimt frå ei svunnen tid: Budeier i Skjåk

Sjå denne interessante bildeserien, med bilde frå Skjåk historielags rikhaldige arkiv.

Nysetra: Strikkande budeier på Nysetra. Bildet er teke i 1941. Frå venstre: Kari Roen Skjåk, Marit Morken Nyhus, Julianne Soglo Morken, Marit Øyberg Tundrali, Marit Øiberg Hyrve, Anne Hyrve og Gudrun Øiberg Jøingsli.  

Nyheiter

Billingen: Denne flotte gjengen med budeier kom til Pollfoss for å bli fotografert i 1892. 

Mjølking: Kaia Husom, som vart fødd i 1899, mjølkar geiter på Heggjabottsetra. Bildet er teke i 1959. 

Sota: Frå 1919. Frå venstre: Johannes Kveen, Anna Kvitingen, Live Plassen, Beate Randen, Frida Lie, Kristine Bjørli, Anne Bjørli, Tina Mork, Laura Mork, Embjørg Gjerdet og Lina Gjerdet. 

Ung budeie: Anne Gjerdet, som vart fødd i 1909, har det artig med ei geit på Sota seter. Bildet vart teke i 1918. 

Ånstadsætra: Bildet er frå Ånstadsætra på Billingen og vart teke i 1951-52. Frå venstre: Brynhild Dagsgård (fødd i 1925) og Mari Fosstuen (fødd i 1941).