Klart for skyttarstemne

Det er venta godt over 200 deltakarar på Jotunheimtreffen neste veke.

Neste veke skal mange skyttarar treffast.  Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

Jotunheimtreffen blir gjennomført 2.-5. juli. Det er skyttarlaga Vågå, Lom og Skjåk, Dovre og Dovreskog og Lesja som arrangerer skyttarstemnet som altså går over fire dagar.

Det er venta stor påmelding.Riflelandslaget med Jenny Stene, som sette verdsrekord i fjor, kjem. Det gjer også Katrine Aannestad Lund, som vart skyttardronning i 2017. Det er så langt påmeld fire skyttarkongar til Jotunheimtreffen, der også mange lokale skyttarar er påmeldt.

Skyttarstemnet blir gjennomført i Skjåk, Vågå, Dovre og Lesja, og skytingane blir strauma på nettet.