Inviterer til fotballskule og aktivitetsdagar

Fotball- og handballgruppa i Skjåk IL håpar på stor idrettsglede, når dei i august inviterer til fotballskule og aktivitetsdagar.

Fotball- og handballgruppa i Skjåk idrettslag arrangerer TINE Fotballskule og aktivitetsdagar i Bismo i sommar, og har i alt 100 plassar. Skjåk IL  Foto: Skjåk IL

Nyheiter

I tre heile dagar i august får dei som melder seg på - og som får plass på arrangementet - vera med på fotballaktivitet, handball, leik og moro i Bismo. 10.-12. august arrangerer nemleg fotball- og handballgruppa i Skjåk IL både TINE Fotballskule og aktivitetsdagar for jenter og gutar i alderen 6-12 år i Skjåk og Lom.

TINE Fotballskule består av ulik fotballaktivitet, og det er ikkje kven som helst som har regien her. Skjåk IL har nemleg fått tak i trenarar frå Akerakademiet i Molde Fotballklubb. Akerakademiet vil vera representert dei to fyrste dagane. Den siste dagen blir det handball, leik og moro, samt avslutning og grilling. Også den siste timen dei to fyrste dagane blir det handball, leik og moro.

Skjåk IL opplyser at det i alt er 100 plassar på arrangementet, og at det er fyrstemann til mølla-prinsippet som gjeld. Påmelding skjer digitalt.

Alle deltakarar får t-skjorte og sekk/bag, samt mat og drikke kvar dag.