Framleis stengt Skjåkhall

Skjåkhallen i Bismo er framleis stengt.  Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

Beredskapsgruppa i Skjåk kommune vedtok nyleg at Skjåkhallen framleis skal haldast stengt for alminneleg bruk inntil vidare. Stenginga gjeld også symjehallen. Skjåk kommune opplyser at det ikkje er avgjort når hallen vil opne att. Dersom det er ynskeleg å bruke hallen til enkeltarrangement, må det søkjast til beredskapsgruppa, og smittevernlegen må ha godkjend plan for smittevern for arrangementet.