Appell:

Smitten tek ikkje ferie – hald den på avstand

Fylkesmannen og ordførarane med felles appell om pandemien som framleis er her.

Lom sentrum  Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

Etter ein krevjande vår, er det mange som nå senker skuldrane i eit kjærkome avbrekk frå kvardagen. I takt med varme dagar og ljose kveldar aukar behovet vårt for å møte folk. Minna om stengde skular og barnehager blir svakare. Restriksjonar og køyrereglar blir opplevd som noko som var. Bevisstheita om epidemien svekkast.

Men kampen mot koronaviruset er ikkje over – heller ikkje i Innlandet. Det finst fleire eksempel på kommunar som har smitta og folk i karantene. Kommunane er nå uroa for lokale utbrot midt i ferieavvikling. Frykten for mange er eit utbrot på ein pleieinstitusjon.

I tillegg er vi engstelege for såkalla superspreiarar. Dette er ein person som ikkje er klar over at han er smitta, og ikkje held avstand eller har god hand- og hostehygiene. I løpet av ein dag ute eller ein kveld på kafe, kan ein superspreiar forårsake eit lokalt utbrot i kommunen du bur i.

Både i kommunane og hjå Fylkesmannen er vi uroa for at ein ny smittetopp vil setja dei kommunale velferdstenestene under sterkt press att. Som samfunn må vi gjera det vi kan for å avgrense smitten mest mogleg. Det er framleis risiko for å bli utsett for nye bølgjer av pandemien.

I sommar må vi derfor hugse både solkrem og handsprit, og halde fram med godt smittevern. Sjuke personar skal halde seg heime. Sjølv i ljose sommarkveldar mål du ha ein meters avstand til andre enn dine næraste. Unngå større folkemengder. Ta ekstra forhaldsreglar dersom du er i ei risikogruppe.

Befolkninga i Innlandet har vore flinke, og det er grunn til å seia takk! Smitten har så langt vore avgrensa – sjølv om det er lokale variasjonar. Både i kommunar med og utan smitte har pandemien kosta. Eldre har vorte isolert, barn og unge fekk kvardagen snudd på hovudet og mange har vore sjuke – og nokre har mista livet. I tillegg til dei menneskelege omkostningane, har kommunane hatt store utgifter på pandemi-beredskapen sin. For å unngå nye utbrot, krevst det framleis innsats for å halde smittetala låge. Derfor er dette ein felles appell frå alle ordførarane i Innlandet og Fylkesmannen.

Ordførar Bjarne Eiolf Holø i Lom sa på eit møte med Fylkesmannen torsdag at dei i Lom ventar mange turistar, også utanlandske ettersom reiserestriksjonar blir oppheva.

Han understreka kor viktig det er for alle, og opplyse om restriksjonar og smitteverntiltak til turistane som kjem.