Prøv den nye diskgolfbana

Flåklypa sendeplatelag inviterer i helga til open dag og opning av den nye diskgolfbana på Moar i Skjåk.

Sendeplatelaget si diskgolfbane på Moar består av i alt tre korger.   Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Fyrstkomande sundag kan du prøve diskgolf på Flåklypa sendeplatelag si nye diskgolfbane på Moar i Skjåk. Bana ligg i nærleiken av ridebana, og består av tre korger, som alle har fire ulike utkastfelt.

Sundag blir det open dag og opning av den nye bana. Representantar frå sendeplatelaget har med seg diskar, slik at alle kan få prøve å kaste. Det blir også enkel servering i høve arrangementet.

Flåklypa sendeplatelag har frå før eigen diskgolfbane i Medalen i Bøverdalen.