Opning av Aukrust-utstilling i helga

«Kjell Aukrust i 100!» er namnet på utstillinga som blir opna på Nordgard Aukrust i Lom i helga.

Sommarutstilling: Laurdag opnar sommarutstillinga «Kjell Aukrust i 100!» på Aukrust Gard og Urteri. Lom betydde mykje for Kjell Aukrust opp gjennom leveåra, og utstillinga inneheld mange lokale motiv, i tillegg til mellom anna teikningar av Ludvig frå Flåklypa-universet.   Foto: Illustrasjon/Kjell Aukrust

Nyheiter

Det er i år 100 år sidan forfattar og kunstnar Kjell Aukrust vart fødd. Lom betydde mykje for Aukrust opp gjennom, og i sommar blir det høve til å sjå ein del av kunstnar-arbeidet hans på Nordgard Aukrust, der faren til Kjell vaks opp.