Måndag opnar gamle Strynefjellsveg

Den siste av dei vinterstengde fylkesvegane i Innlandet er snart klar for å opnast.

Det har vore uvanleg mykje snø så seint på året på Strynefjellet.  Foto: Ola Lyngved/Mesta

Nyheiter

Den gamle vegen over Strynefjellet, fylkesveg 258 mellom Skjåk og Stryn, blir i år opna seinare enn normalt. Dette skuldast at det var uvanleg mykje snø i fjellet denne våren.

Nå er vegen brøyta og i ferd med å tørke slik at den skal vera klar for trafikk frå måndag 29. juni klokka 12.

Vegen blir opna for køyretøy med inntil 8 tonn aksellast og med lengde inntil åtte meter.