Komande helg skulle tusenvis av gjestar ha vore samla på Countryfestivalen i Skjåk: – Dette er utruleg rart

– Det skal i alle fall bli ein kolossal festival neste år, lovar Lena Jenny og Geir Ove Melby.

Ingen festival: Arrangørparet Lena Jenny og Geir Ove Melby tykkjer det er utruleg rart å ikkje skulle arrangere countryfestival i helga. – Dessverre er det spådd kjempefint vêr også. I år kunne eg tenkt meg skikkeleg «sjettvêr» under countryhelga, skrattar Geir Ove.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Frå i dag, torsdag, skulle jordet på Skjåkøygard i Nordberg ha vorte fylt opp med campingvogner, bubilar, telt og lastebilar. Fleire tusen festivalglade gjestar skulle brukt dei neste dagane på festing, sosialt samvær, og god countrymusikk.