MEINING:

Vågå går baklengs inn i framtida

Nyheiter

Fleirtalet i kommunestyret vil ha sterkare politisk styring med Vågå kulturskule. Resultatet blir eit smalare tilbod til dei elevane som ivrar for anna enn tradisjonsmusikk og korps.

Eg spør, skal kulturskulen som institusjon ha som hovudoppgåve å rekruttere til frivillige lag og organisasjonar? Ønskjer vi ikkje at nokon vagvær nokon sinne skal kome i posisjon til å henge opp bilda sine i Galleri Ullinsvin? Vil vi ikkje ha nokon vagvær på nasjonale og internasjonale musikk- og teaterscener, med mindre dei spelar tradisjonsmusikk? Vil vi ikkje ha nokon vagvær som fører pennen for nye bokutgjevingar? Blir ikkje dette litt snautt og smalt?

Eg har vore, og er, tett på mange ungar og ungdom som er glade i å male, glade i å skrive, glade i å danse og spele teater. Eg kjenner mange ungdommar og unge vaksne kulturskulen har vore reddande for, som uttrykkjer at kulturskulen har gjeve dei ein arena dei ikkje kan finne nokon annan stad.

Eg har mange hattar innan kunst og kultur, innan frivillige lag og organisasjonar, har vore styremedlem i spel og dansarlaget og i arrangementskomiteen for dei to siste kappleikane i Vågå. Eg har bakgrunn frå både korps, kor og folkemusikk. Likevel blir eg skremd når kommunestyret i Vågå i går vedtok at kulturskulen i Vågå skulle jobbe målretta for at elevtala innan korps og tradisjonsmusikk når 55%. Kva blir da att til ALT det andre? Kva blir da att til breidde, kva blir att for kulturskulen til å vera den utjamnande arenaen den skal vere og dekkje skulen sitt mandat som kulturskule og som bindeledd og grunnfundament for høgare kunst- og kulturfagleg utdanning i Norge? Korps og tradisjonsmusikk er berre ein liten bit av kva ungar og undom i Vågå søkjer og brenn for, og berre ein ørliten del av kva kulturskulen skal femne om av kunst og kulturfag. Korleis får vi med dette teke vare på det kreative, det innovative og det skapande? Kvar skal vi få plass til kreativ skriving, teater, moderne dans, og visuell kunst - attåt anna instrumentopplæring.

Kulturskolen har eit viktig samfunnsmandat og samfunnsansvar. Den skal forvalte kunstfaga, den skal leggje grunnlaget for utdanning av aktørane, lokalt og nasjonalt - og internasjonalt. Det skal ikkje vera forskjell i kvalitet på tilbodet ein elev får på Majorstua, vegg i vegg med Musikkhøgskulen, og tilbodet ved kulturskulen i utkant-Norge i Vågå. Nasjonale føringar viser til at kulturskulen skal samarbeide tett med barnehage, grunnskule og vidaregåande for å sikre en god kunst- og kulturfagleg opplæring i skuleløpet. Rammeplanen "Mangfold og fordypning" er nasjonalt førande for drift og utvikling av norske kulturskular. Denne planen er utarbeidd av eit breitt kunstfagleg- og pedagogisk miljø, og har vært ute på høyring i alle landets medlemskommunar. Nabokommunane våre har vedtatt rammeplanen som styringsdokument for sine kulturskular – så har dei fleste andre kommunar i Norge.

Eg har vore tett på spel og dansarlaget i mange år, og ser der kor godt og målretta dei jobbar med rekruttering og opplæring – innanfor sin eigenart. Dei er fantastisk gode på akkurat dette. Barn og unge er med på dei ulike arenaene på lik line som, og som likeverdige aktørar og medlemmar som dei vaksne. Dette er med og gjer dette miljøet så ulikt mange andre. Dette skal ikkje, og kan ikkje, kulturskulen med sin eigenart og si opplæring gjenskape. Det er heller ikkje kulturskulen sitt mandat. Rekrutteringsarbeid og opplæring har lag og organisasjonar gode moglegheiter for sjølve å hente finansiering til, i form av til dømes opplæringstilskot, Frifond, prosjektmidlar og momskompensasjon. Så seint som denne veka fekk FolkOrg overlevert nær 4,5 million frå Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica for vidareføring av ei satsing på rekrutteringsarbeid for åra 2021-2023. Vågå Spel og dansarlag og Vågå trekkspelklubb er medlemmar i FolkOrg. FolkOrg er medlem i Musikkens studieforbund. Det er og Norges Musikkorpsforbund, Korpsnett og Norges Korforbund. Desse har sine finansieringsordningar, sine opplæringstradisjonar, sin måte å jobbe på og sin eigenart innanfor sine organisasjonar. Vi skal passe oss for å rangere det eine kulturuttrykket framfor noko anna, snarare ta på alvor eigenart og samfunnsmandat. Innanfor desse rammene skal vi finne gode samarbeidsformer.

Med såpass bindande rammer som kommunestyret i går vedtok, går vi baklengst inn i framtida. Vi ruslar attende til det Vågå eg voks opp i på 70 og 80-talet. Vi kunne spele ball, eller vi kunne spele i korps eller gå i fele- og trekkspellære. Vi riv Vågå laus frå resten av kulturskule-Norge og utviklinga elles, og hemmar med dette eit framtidig interkommunalt kulturskulesamarbeid. Her blandar vi snørr og bart og vi set klauvspikkaren til å sko hesten. Dette rokkar ved eigenarten til både kulturskolen og de frivillige laga. Noko er skule her, og noko er fritidstilbod.