Sju fekk førelegg av UP

Utrykkingspolitiet hadde trafikkontroll på rv15 onsdag.
Nyheiter

Det var onsdag føremiddag at Utrykkingspolitiet (UP) hadde kontroll på riksveg 15 i Vågå. Her vart det i fylgje politiet skrive ut fem forenkla førelegg for fart, der høgaste hastigheit var 111 km/t i 80-sone.

I tillegg fekk to personar eit forenkla førelegg for bruk av mobiltelefon under køyring.