– Vi har mykje å bidra med i samfunnet

– Berre spør oss, sa Torgeir T. Garmo (Lomslista) i kommunestyremøtet tysdag.

Ressurs: – Eldre menneske kan vera ein ressurs, seier Torgeir T. Garmo.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

På det tidspunktet hadde kommunestyret fått mykje informasjon om folketalsutviklinga i Lom – og at bygda stadig får fleire eldre innbyggjarar. Ein stadig høgare gjennomsnittsalder på innbyggjarane blir gjerne sett på som eit «problem» for kommuneøkonomien, ettersom mange eldre ofte betyr større utgifter i helse- og omsorgssektoren.