Otta har roa seg i vest - framleis oransje farenivå

Det har ikkje vore nedbør det siste døgnet. Saman med noko lågare temperatur har det ført til at elva har gått ned.

Nedstraums Pollfossen sundag kveld.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nedstraums Pollfossen tysdag morgon  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Sjølv om det ser betre ut i øvre del av Ottadalen tysdag morgon, er det flaumfare nedover vassdraget. Det er òg venta høge temperaturar, slik at NVE opprettheld det oransjefarenivået: «Omfattande oversvømmingar, erosjonsskadar og flomskadar på utsette stader. Gjentaksintervallet er meir enn 5 år. Alvorleg situasjon som forekjem sjeldan, krev beredskapsmessige førebuingar og kan medføre alvorlege skadar».

Bilda frå Pollfoss er teke sundag kveld og tysdag morgon.