Eldhug gav bort delar av konsertinntektene: – Ei utruleg hyggeleg overrasking

Rockegruppa Eldhug heldt fredag kveld ein strøymekonsert, der dei mellom anna presenterte nytt materiale og slapp singelen «Til neste vår».

Eldhug gjev pengegåve til Kringsjåtunet.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Før konserten sa medlemane at halvparten av det som vart vippsa i løpet av konserten skulle gå til Kringsjåtunet, som er ei døgnavdeling for barn og unge mellom 12 og 18 år med ulike psykiske utfordringar.