Vatnet fossar inn på Øya økocamp: – I utgangspunktet er dette kroken på døra

Campingvert Jostein Strøm ser ikkje ljost på framtida for Øya økocamp. Måndag fossa vatnet nok ein gong inn på campingplassen hans i Skjåk.

Kroken på døra? Jostein Strøm slår fast at det er tøft å drive camping under elvenivå. Nok ein gong er Øya økocamp i Skjåk råka av flaum. – I utgangspunktet er dette kroken på døra, seier campingverten.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Det er berre nokre år sidan Jostein Strøm tok over campingplassen på Storøya i Skjåk. Under flaumen i oktober i 2018 vart heile campingplassen rasert. Nå er Øya økocamp nok ein gong råka av flaum.