Over 40 melde seg for å bli med i speidargruppe i Vågå:

Stor interesse for speidaren

Vågå Speidergruppe er på opptaktene og blir starta opp etter skulestart i haust. Interessa for at dette tilbodet dukkar opp att har hittil vore gledeleg stor, ifølgje leiar Roni Öhman.

Speidar: Matthias Hauge og Roni Öhman startar i haust opp Vågå Speidergruppe og tykkjer det er gledeleg at interessa for tilbodet er så stor. Berre i løpet av eitt par dagar har over 40 ungar meld si interesse for å vere med.  Foto: Kari Margot Odnes

Nyheiter

– Vi har nå lodda interessa , for å sjå korleis vi skal legge opp dette tilbodet, og berre i løpet av få dagar har over 40 ungar meldt seg. Både gutar og jenter. Nokon har nok misforstått og trudde dette var påmelding, men ordentleg påmelding må vi kome attende til. Vi må få på plass nokre lause tråder fyrst, seier leiaren.