Mykje regn – nytt varsel om flaumfare

Oransje nivå i Ottadalen.
Nyheiter

Det er venta mykje regn i løpet av sundag og fram til og med måndag ettermiddag.

NVE varsar om flaumfare på oransje nivå for Ottadalen.

Kraftig snøsmelting vil oppretthalde den høge vassføringa, og regn og regnbyger vil forsterke flaumen, spesielt i mindre elvar.

Oransje nivå vil seia ein alvorleg situasjon som skjer sjeldan, som krev beredskapsmessige førebuingar og som kan medføre alvorlege skader.