Kalven seter ved Lemonsjøen:

Baristabudeia satsar for fullt

Baristabudeia på Kalven seter har nå sagt opp lærarjobben sin for å utvikle bedrifta si ved Lemonsjøen vidare. Til sommaren utvidar ho med å ta i bruk ei stugu til for kafegjestar.

Fleire aktivitetar: Anne-Mari Sandvær og Øistein Formo gler seg til å utvikle Kalven seter vidare med fleire aktivitetar. Baristabudeia utvidar ved å ta i bruk ei stugu til på setra for å tilby fleire sitjeplassar for kaffegjestar.  Foto: Kari Margot Odnes

Nyheiter

Anne- Mari Sandvær driv med siste førebuingane før sin åttande sommar som baristabudeie på Kalven seter. Det luktar grønsåpe av dei nyskura timberveggene og kaffeleverandøren er rett rundt hjørnet. Ute durar det i gravemaskin og lastebil.