Presthaugen:

Formannskapet tenkjer større enn «berre» eldhus

Formannskapet i Lom er positive til å byggje eldhus i Presthaugen, men vil gjerne ha mykje meir enn det.

Presthaugen: Eldhus, med eller utan kioskfasilitetar, nye benkar og kanskje eit slags segl som kan fungere som tak over publikumsområdet?   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Som Fjuken fortalde førre veke, blir det planlagt å erstatte det gamle og lite brukarvenlege kioskbygget i Presthaugen med eit flunkande nytt eldhus.