Gult farevarsel om flaum- og jordskred i fjellet

NVE varslar om jord-, sørpe- og flaumskredfare på gult nivå for fjellområda i Sør-Norge.
Nyheiter

Det er venta regn og stadvis kraftige regnbyger. Kombinert med stor snøsmelting resulterer dette i auka fare for jord-, sørpe- og flaumskred.

– Fleire dagar med høg temperatur og stor snøsmelting har ført til at vassmetningsgraden i bakken er høg. Nedbørsprognosen for sundag er usikker, heiter det i varselet.

Gult varselnivå vil seia ei utfordrande situasjon som krev oppfølging og som kan medføre skader lokalt. Gult nivå er det lågaste av varslingsnivåa.