Eldhug gjev halvparten av inntektene til Kringsjåtunet

Fredag kveld har gruppa Eldhug frå Skjåk strøymekonsert med nytt, originalt materiale.

Eldhug, med Geir Byre, Bjarte Rossehaug og Tormod Sperstad, vil gjeva halvparten av det dei måtte få inn via Vipps under konserten til Kringsjåtunet barne- og ungdompsykiatriske døgnavdeling.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Gruppa, som leverer god nynorsk rock, har tidlegare gått ut med at halvparten av det dei måtte få inn via Vipps under konserten, skal gå til tiltak retta mot psykisk helsearbeid for ungdom. Nå er det bestemt at pengane skal gå til Kringsjåtunet barne- og ungdompsykiatrisk døgnavdeling.

– Kringsjåtunet barne- og ungdomspsykiatrisk døgnavdeling har i omlag 25 år gjeve fantastisk behandling til ungdom som har så store utfordringar i livet at behandling i andre instansar ikkje hjelp. Dette er med andre ord staden du kan få hjelp når ingen andre greier å hjelpe deg. Vi veit sjølve kor god ein jobb Kringsjåtunet gjer. Ikkje berre for ungdommar, men for heile familiar. Personalet ved Kringsjåtunet er rett og slett livreddande englar. Men heller ikkje Kringsjåtunet har utømmelege pengesekkar å ta av. Difor håpar vi at du vil bidra ved å vippse til 611549. Pengane skal ikkje gå til drift, men øyremerkast konkrete tiltak der absolutt kvar ei krone kjem ungdommen til gode - enten i form av fysiske ting dei treng på avdelingane, eller konkrete fritidsretta tiltak som kino- og kafébesøk, kultur- og idrettsaktivitetar eller liknande, skriv Eldhug på Facebook.

Eldhug lanserer under konserten singelen «Til neste vår», og ein vil elles få høyre meir ny musikk frå gruppa som spelar melodiøs, småhard og ekte rock.