Flaumfarevarselet er utvida

Oransje nivå i heile Ottadalen.

Vatnet stig: Slik såg det ut på Øya økocamp i Skjåk torsdag morgon.   Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

I går, onsdag, varsla NVE om flaumfare på oransje nivå for nedre del av Ottadalen. I dag, torsdag, blir det varsla om flaumfare på oransje nivå i heile Ottadalen – og i Raumavassdraget.

Oransje nivå vil seia ein alvorleg situasjon som skjer sjeldan, som krev beredskapsmessige førebuingar og som kan medføre alvorlege skader.