Dyretransport måtte køyre av vegen

Dyra kom uskadd frå det.
Nyheiter

Ein dyretransport måtte tysdag ettermiddag køyre av vegen i møte med eit vogntog på riksveg 15 ved Tessand.

Dyretransportør Joar Randen fortel til Fjuken at han ikkje hadde noko val.

– Det var anten å kollidere front mot front, eller styre mot grøfta. Eg gjorde sjølvsagt det siste.

Dyra tok ikkje skade og vart henta av ein ny dyretransport.